Gamlestova
Gardsdrift
På garden er det aktiv gardsdrift med kyr, kalvar og smådyr. Du kan oppleve liv og røre frå dyra og nyte stemninga på ein ekte gard. Kalvar på beite om sommaren.
Usjenert
Galde Uppigard
Frå Jotunheimen og Bøverdalen ynskjer vi alle velkomne til eit opphald i storslått natur på garden ved Galdesand. Dette er eit fint utgangspunkt for sommarski, fotturar i fjellet, grottevandring, fisking, riding og klatring.
Sentralt også for randonee på vår og forsommar.
Fred og ro ved eit gamalt tun
Kårstugu: Pent, gamalt hus med 15 sengjeplasser fordelt på 5 sengjerom. Godt utstyrt kjøkken med gode kokemoglegheiter og oppvaskmaskin. Stor stove med TV. To dusjar og eitt toalett med servant.
Fjellburet: Ny, lita leilighet med eitt soverom (tre senger og sovesofa med plass til ein i stova). Stove med TV og godt utstyrt kjøkkenkrok med oppvaskmaskin. Dusj og toalett med servant.
Huldrebu: Pen gamal leilighet med nytt kjøkken, stove og moderne bad.
Dalastugu: Ny hytte med seks sengeplassar. Stove med TV og kjøkkenkrok med oppvaskmaskin. Dusj og toalett med servant.
Stabburet: Koseleg, idyllisk rom med fire senger, kokemoglegheiter og liten TV.
Furtebu: Her er det 3 senger og kokemoglegheiter.
Biblioteket: Koseleg rom med to senger. Kokemoglegheiter.
Utleige av sengesett og håndkle.
Anna: Gardsmuseum, tørkerom, sanitæranlegg og tilgang til klesvaskemaskin. Gratis trådlaus internett.
Minstetid for opphald 2 netter.
Galde uppigard galleri
Kontakt oss
Reidun og Arne Galde
2687 Bøverdalen
Telefon: 93291738
Epost: arne.galde@yahoo.no
